Meldeplikt ved ettersøk

Ved ettersøk etter påskutt hjortevilt pliktar jeger å varsla kommunen.

viltband.no - Klikk for stort bileteviltband Suldal kommune

Du skal varsla om: 

  • Behov for bruk av kunstig lys
  • Om søket vert avslutta for kvelden eller heilt
  • Opplysningar om jaktområde
  • Kven er jeger?

Ved bruk av sporhund i søk

Dersom du har sporhundsentralen på staden,  kan dei avslutta søket sjølv. Dersom du brukar eigen hund i søket, må du kontakta kommunen ved tilfeller der ettersøk ikkje gir resultat i at du finn dyret. 

Få gratis viltband på Garaneset

På Garaneset leverer me ut gratis viltband som du kan ha i bilen. Bandet har ei oppskrift på kva du skal gjere om uhellet er ute, og bandet kan brukast til å merka staden. 

 

Ettersøkshund

Jaktlag/jeger skal ha tilgang til godkjend ettersøkshund før jaktstart på elg, hjort og rådyr (Forskrift om jakt og fangst § 23).

Sporhundsentralen

Eit godt tilbod å nytte seg av er Sporhundsentralen. Du må betala inn abonnement på ettersøkshund 10 dagar før jaktstart, og du må kunne visa til kvittering for innbetaling eller avtale om godkjent sporhund under jakta. 

Dersom du ikkje kan visa til ei løysing med sporhund, vil du ikkje kunne jakta lovleg på elg, hjort og rådyr. 

All bruk av ettersøkshund blir behandla fortruleg. 

Kontakt

Turi Ottersland Tjøstheim
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04
Sporhundsentralen
Mobil 41 76 31 37