Fellingsløyve og jakttid - Suldal kommune heimeside

Fellingsløyve og jakttid

Fellingsløyva for hjort og rådyr vert sendt elektronisk til valdleiarane kring 15. juni kvart år. 

Hjorteviltregisteret.no

Tideling, felt dyr og annan statistikk er og tilgjengeleg på https://hjorteviltregisteret.no/ under Statistikk. 

Du treng ikkje innlogging.

Fellingsavgift

For å jakte hjort og elg må du betala fellingsavgift. Denne blir fakturert etter jaktslutt. Fellingsavgift blir rekna for alle felte dyr, også “kvotefrie” kalvar. 

 

Jakttider i Suldal 

Hjort og elg

Jakttid for hjort er 01.09 til 23.12.

Jakttid for elg er 25.09 til 23.12. 

Rådyr

For rådyr er jakttida 25. september - 23. desember, men du kan jakta råbukk frå 10. august. 

Vær varsam med mordyr og kalv/kje

Me oppmoder jegarane til å vera varsame med mordyr og kalv/kje. Unngå etter beste evne å skyte mordyr frå kalv/kje. Ein morlaus kalv går ein uviss framtid i møte, då den ikkje har nokon som kan læra den matvaner, åtferdsmønster og trekkrutar. 

 

Kvotefri jakt på hjortekalv

Som eit tiltak for å redusera beiteskade har Miljødirektoratet dispensert frå bestemmelsen i Hjorteviltforskrifta § 18 og gitt Suldal kommune løyve til å tildela kvotefri jakt av hjortekalv for jaktsesongen 2024.

Grunneigar må gi samtykke

Retten til å fella eit fritt tal hjortekalv gjeld alle jaktrettshavarar i valdet, men den enkelte grunneigar må gi samtykke til kvotefri kalvejakt på sin eigedom. 

Kontakt

Turi Ottersland Tjøstheim
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04