Klage på helse- og omsorgstenster

Dersom du meiner at du ikkje har fått dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på har du rett til å klage. Du kan klage på vegne av deg sjølv, eller for nokon du er pårørande for. Då må du som regel ha fullmakt. 

Klage på fastlegekontoret eller legevakt i Suldal:

Om du ikkje er nøgd med behandlinga du har fått på Suldal legekontor eller legevakta kan du klage direkte til behandlaren eller behandlingsstaden din. 

Viss dette ikkje førar fram vil behandlingsstaden sende klagen din vidare til Statsforvaltaren.  

 

Klage på vedtak eller avgjerd, uansett behandlingsstad:

Dersom behandlaren din har gitt deg avslag på noko du har bedd om, eller du er ueinig i ei avgjerd han eller ho har gjort, kan du sende ei rettigheitsklage. Den skal sendast til behandlingsstaden. Du kan lese meir om kva ei slik klage skal innehalde her. 

 

Be om tilsynssak:

Du kan be Statsforvaltaren om å opprette ei tilsynssak dersom du meiner det har skjedd noko feil med behandlinga eller omsorgen du har fått. Dette kan du lese meir om hjå Statsforvaltaren i Rogaland. 

 

 

Vil du lese meir om dette temaet anbefaler me at du klikkar på knappen: Klage på Helsenorge