Brøyting, strøying og vedlikehald

Brøyting og strøying

Kommunen har ansvar for omlag 180 km med kommunale vegar. I tillegg kjem parkeringsplassar, sykkel og gangstiar/fortau.

All brøyting blir utført av innleigde entreprenørar.   

Vedlikehald av vegar

Kommunen har ansvar for dei kommunale vegane.

Me har følgande typar vegar:

  • Private  
  • Kommunale  
  • Fylkeskommunale
  • Statlege

Tilbakemeldingar på vedlikehald av vegen som eks brøyting, strøying, skader og anna gis til vegeigar. Husk å skilje mellom Statlege, Fylkeskommunale og kommunale.

Graving i veg

Skal du grave i kommunal veg må du senda søknad til Suldal kommune. Søknad kan sendast til postmottak@suldal.kommune.no Legg ved  kartutsnitt og skriv kva som skal gjerast.

Det må i tillegg søkjast om kabelpåvisning.  Gravemelding og kabelpåvisning - Geomatikk.no