Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
I Suldal kommune kan du sjølv velgja om du vil installera vassmålar i bustad og fritidsbustad. Vassmålaren les av vassforbruket til bustaden. Installasjon av vassmålar kan vera lønsamt for deg som nyttar bustaden lite, og for store bustader med lite vassforbruk.
Ein vassmålar målar det faktiske vassforbuket til bustaden slik at du betalar for det du faktisk brukar. Målaren registrerar forbruk, men og lekkasjar, på kranar, beredar, toalett og anna som er montert etter målepunktet. Målaren installerast ved hovudinntaket til bustaden. Du leiger målaren av kommunen og vert fakturert ei årleg leige for den.
Du vil bli fakturert ei årleg leige for vassmålaren.
Kostnad for installasjon av røyrleggar må du dekka sjølv.
Prisar finn du her.
Røyrleggjar kan henta ut vassmålar hos Teknisk drift på Garaneset, Sandsvegen 122. Søknad må vera avklart/godkjent før dette blir gjort. Det er viktig at vassmålarar som blir henta ut, blir installert på korrekt eigedomsnummer, bygningsnummer og adresse (gards og bruksnummer).
Serienummeret på vassmålaren blir registeret etter oppgitte opplysningar.
Me leverer berre ut vassmålar med tilhøyrande kuplingar. Tilbakeslagsventil og andre delar vil ikkje vera ein del av utleveringa, heller ikkje utstyr til plombering.
Viss du skal installera ny vassmålar eller skifta ut eksisterande målar må du senda inn søknad om montering av vassmålar.
Etter at vassmålaren er montert er det viktig at røyrleggjar sender inn skjema for registrering av vassmålar. Det er dette skjema som er grunnlag for endring i avgift. Endring av avgift vil derfor ikkje bli gjort før dette skjema er sendt til kommunen.
Viss du skiftar ut montert vassmålar må senda melding om dette til kommunen. Du må senda eit tydeleg og klart bilete av vassmålar som er skifta ut, og av den nye vassmålaren. (Serienummer og målarstand må visa tydeleg på biletet).
Send melding om utskifting på e-post til audhild.leirvik@suldal.kommune.no
Etter montering av ny vassmålar, er røyrleggjar sansvarleg for å senda inn skjema for registrering av vassmålaren.
Publisert 10.07.2024 13.02