Plastsortering i Suldal

No står det nye sorteringsanlegget til IVAR klart for å sortere plastavfallet vårt! Plastavfall skal frå 31. august 2026 kastast i restavfallet, slik at maskinane kan sortere ut plasten rett frå søpla vår. 

Sorteringsmaskinane til IVAR Sorterium gjer faktisk ein endå betre jobb enn oss - og hentar ut nesten tre gonger så mykje plast som me gjer når me sorterer sjølv heime.

Matavfall, papp og glas skal framleis sorterast heime som før. 

Les meir på IVAR si heimeside.