Prøvebu i Suldal

Tenkjer du tanken om å flytta til Suldal? Til eit liv med litt meir tid, og litt meir plass? Du kan søkje fortløpande om ein av rekrutteringsbustadane våre som er ferdigstilte. Sjå lengre nede på sida for å sjå kva rekrutteringsbustadar som er ferdigstilte og ledige.

  

 

Deg + Suldal = sant?

Det er ikkje «berre berre» å hoppa i det, og å bygga seg eit hus utan at ein er sikker på at Suldal er framtida. Kva med å «prøvebu» i ein av bustadane våre?

 

Kva er “prøvebu-ordninga”?

 Me tilbyr prøvebu-ordninga til personar med etterspurt kompetanse. Dette gir deg moglegheita til å prøvebu i Suldal i opptil tre år. Om du trivst, kan du få kjøpe bustaden og eige den sjølv. 

 

Kvifor prøvebu i ein av bustadane våre?

  • Ingen byggjeprosess: Me byggjer bustaden for deg, slik at du slepp søknadsprosessar og rolla som byggjeleiar.
  • Rimelege og attraktive bustadar: Bustadene er rimelege og me bygg bustader me gjerne kunne budd i sjølv.
  • Ingen risiko: Om du vel å flytte etter den treårige leigeperioden, står du fritt til det utan forpliktingar. 

 

Korleis fungerer det?

Søknad

For å søkje om å prøvebu må du ha kompetanse som Suldal har behov for + svare ja på eitt av følgjande spørsmål:

  • Har du tilbod om fast jobb i Suldal?
  • Har du tilbod om vikariat (minst 1 år) i Suldal? 
  • Er du sjølvstendig næringsdrivande i Suldal?

Ordninga gjeld jobb i heile Suldal, altså ikkje berre organisasjonen Suldal kommune.

Om du kan svare ja på eit av spørsmåla ovanfor, er du kvalifisert til å søkje.

Alle bustadane har ein søknadsfrist. Hugs å søkje innan fristen.

 Søk om å prøvebu her. 

Tilbod

Når søknadsfristen er ute vurderer me søknadane opp mot kompetansen Suldal treng no og i framtida.

Om du har den kompetansen Suldal treng, kan me tilby deg ein bustad.

Prøvebu

Du kan prøvebu i bustaden i opptil tre år. Om du trivst, kan du kjøpe bustaden etter prøveperioden.

 

Status: 

Ledige no:

  • Erfjord
  • Suldalsosen
  • Jelsa

Under bygging: 

  • Nesflaten

(Ferdigstilt rundt påske 2026)

Under planlegging:

  • Vanvik
  • Ropeidhalvøya

Meir informasjon kjem.

 

Bustadane på Sand er førebels ikkje ledige.

Leilegheitene på Sand ligg på Eide, rett ved Suldal bad, og Suldalshallen. I dette området ligg også Sand skule, Sand barnehage, Topp Volley Norge og Introsenteret i Suldal. Området ligg ikkje langt frå Garaneset og Sand sentrum, som byr på kafear, butikkar, kulturhus og museum. 

  • Type: Leilegheit
  • Byggeår: 2024
  • 60 kvm
  • 2 soverom
  • Balkong
  • Utvendig bod
  • Utandørs parkering

 

Leigepris

  • Kr. 8 500 i månaden for umøblert
  • Kr. 9 500 i månaden for møblert

Straum kjem i tillegg

 

Kjøpspris

  • Stegåsvegen 2 B: kr. 2 713 817,-
  • Stegåsvegen 2 C: kr. 2 713 817,-
  • Stegåsvegen 4 B: kr. 2 713 817,- 
  • Stegåsvegen 4 C: kr. 2 713 817,-

 

Du får trekt ifrå 50 % av det du har betalt i leigeinntekter ved eit eventuelt kjøp

 

Søknadsfrist

Fortløpande

Me behandlar søknadane fortløpande.

 

 

Leige bustad - Klikk for stort bilete
Leige bustad - Klikk for stort bilete
Leige bustad - Klikk for stort bilete
Leige bustad - Klikk for stort bilete
Fritidsanlegg - Klikk for stort bilete
Badeanlegg - Klikk for stort bilete
Leige bustad - Klikk for stort bilete

Bustadane i Erfjord: 

Bustadane ligg i Skjerahaug bustadfelt, rett ved barnehage og grendahus. Her har du panoramautsikt mot Bogsfjorden. Rett ved ligg også Habn, med badestrand. 

  • Type: Hus
  • Byggeår: 2025
  • 86,8 kvm 
  • 3 soverom
  • Terrasse
  • Innvendig- og utvendig bod
  • Utandørs parkering

 

Leigepris

  • Kr. 13 000 i månaden for umøblert

Straum kjem i tillegg

 

Kjøpspris

  • Stølane 12A: Kr. 4 470 000,-
  • Stølane 18B: Kr. 4 470 000,-

 

Du får trekt ifrå 50 % av det du har betalt i leigeinntekter ved eit eventuelt kjøp.

 

Søknadsfrist

Fortløpande

Me behandlar søknadane fortløpande

 

Sjå film frå byggeprosessen

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Bustadane på Suldalsosen: 

Det er ein bustad på Klypetjørn som er ledig, og det er Klypetjørn 50. Den andre bustaden er utleigd. Bustaden ligg i Klypetjørn bustadfelt, i nærleiken til fine turområde og nærpanorama rett utanfor stuevindauget. Ønskjer du å gå til Vinjanuten, då startar turen akkurat utanfor døra di. 

Klypetjørn bustadfelt er ikkje langt frå verken til skule, barnehage, og samfunnshus. 

  • Type: Hus
  • Byggeår: 2025
  • 92 kvm bya
  • 3 soverom
  • Terrasse
  • Utvendig bod
  • Carport

 

Leigepris

  • Kr. 13 000,- i månaden for umøblert

Straum kjem i tillegg

 

Kjøpspris

  • Klypetjørnvegen 50: Kr. 4 870 000,-
  • Klypetjørnvegen 52: Kr. 4 870 000,-

 

Du får trekt ifrå 50 % av det du har betalt i leigeinntekter ved eit eventuelt kjøp.

 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er fortløpande og blir behandla fortløpande. 

 

Teikning - Klikk for stort bileteTeikning Klypetjørn bustad Illustrasjon Teikning - Klikk for stort bileteTeikning Klypetjørn bustad Illustrasjon

Bli med inn

Bustadane på Jelsa: 

Det er to bustad på Jelsa som er ledige, med adresse Svehaugane 68 og 70.  

 

  • Type: Hus
  • Byggeår: 2026
  • 2 etasjar
  • 3 soverom og bad i 1.etasje
  • Stove og kjøkken i 2.etasje
  • Ca 100 m2 fordelt på dei to etasjane
  • Vedomn og varmepumpe
  • Liten balkong i 2.etasje
  • Isolert bod
  • Carport

 

 

Rekrutteringsbustadar på Jelsa - Klikk for stort bileteRekrutteringsbustadar på Jelsa Torbjørn Guggedal

Leigepris

  • Kr. 13 000,- i månaden for umøblert

Straum kjem i tillegg. Det er instalert varmepumpe.

Kjøpspris

  • Informasjon kjem snart

 

 

 

Du får trekt ifrå 50 % av det du har betalt i leigeinntekter ved eit eventuelt kjøp.

 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er fortløpande og blir behandla fortløpande. 

 

 

 

Bli med inn

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Vil du søkje?

Du må søkja digitalt. I søknaden må du lasta opp dokumentasjon på at du har eit nytt jobbtilbod eller er næringsdrivande, og i tillegg vil me gjerne at du skriv litt om deg sjølv og kvifor du vil prøvebu i Suldal. 

Søk om å prøvebu

 

 

Har du spørsmål? 

Bente svarer deg på spørsmål. Du kan kontakte henne måndag til fredag mellom klokka 8-15.30. 

Ring Bente på telefon: 414 93 230 

Kontakt

Profilbilde av Bente Tednes Gjil
Bente Tednes Gjil
Leiar
E-post
Telefon 41 49 32 30
Mobil 41 49 32 30