Høyring barnehage- og skulebruksplan

Me legg no fram eit revidert forslag til ny barnehage- og skulebruksplan for høyring. Det reviderte forslaget er på høyring fram til 1. oktober. 

Planen er eit resultat av grundige vurderingar og omfattande medverknad, og inneheld forslag til endringar som vil påverka kvardagen til mange familiar i kommunen. Me veit at dette rører ved både engasjement og kjensler, og me ønskjer difor ei open og inkluderande høyringsprosess.

  • Kort fortalt

    Utvida høyringsfrist for revidert saksframlegg er frå 15. september - 1. oktober.

    Opphaveleg sak barnehage- og skulebruksplan var på høyring frå 1. juli - 12. september. 

     

    Kven kan gi innspel?

    Me ønskjer at alle som har meiningar, spørsmål eller innspel til forslaget, deltek i høyringa. 

    Me treng dine perspektiv for å ta gode avgjerder for framtida til barna våre.

     

    Gje dine innspel her. 

  • Kvifor ny plan?

    Frå 2025 til 2035 er det venta ein nedgang på over 100 barn i alderen 0–16 år i Suldal. Dette krev at me organiserer barnehage- og skuletilbodet på ein måte som sikrar kvalitet, likeverd og berekraft – både fagleg og økonomisk.


    Planen byggjer på:

    • Vedteke mandat frå kommunestyret
    • Analyse av demografisk utvikling
    • Rapportar frå Norconsult og KS Konsulent
    • Medverknad frå innbyggjarar, tilsette, føresette og barn

Hovudforslag i revidert saksframlegg

  • Oppdatert 15.09.25

    Endringar frå barnehage- og skuleåret 2026/27:


    Vinjar oppvekstsenter:

    • Vinjar barnehage og Vinjar skule blir slått saman
    • Nesflaten skule blir lagt ned frå 01.08.26, elevar overførast til Vinjar oppvekstsenter
    • Vinjar barnehage avd. Nesflaten blir lagt ned frå 01.08.26
    • Kommunen vil rettleia om mogleg familiebarnehage på Nesflaten


    Jelsa og Erfjord:

    • Jelsa oppvekstsenter sin skuledel blir lagt ned frå 01.08.26, elevar overførast til Erfjord skule
    • SFO-tilbod for Jelsa-elevar blir gitt i Stølane barnehage avd. Jelsa
    • Barnehagedelen på Jelsa blir vidareført som avdeling under Stølane barnehage


    Stølane oppvekstsenter:

    • Stølane barnehage og Erfjord skule blir slått saman til Stølane oppvekstsenter i 2029


    Ropeidhalvøya :

    • Marvik skule blir lagt ned frå 01.08.26.  Elevane ved Marvik skule blir overført til Sand skule.
    • SFO-tilbod for elevane frå Ropeidhalvøya blir gitt i Kjølvikstølen barnehage
    • Kjølvikstølen barnehage blir vidareført som i dag. Det skal greiast ut framtidig byggløysing på Kjølvikstølen med prosjektering i 2027. 

     

    Planlagde forprosjekt og prosjekteringar:
     

    2026:

    1. Stølane oppvekstsenter
    2. Påbygg Sand barnehage Joagarden


    2027:

    1. Oppgradering Stølane barnehage, avd. Jelsa
    2. Endra behov ved Sand skule
    3. Endra behov ved Vinjar oppvekstsenter
    4. Prosjektering barnehage byggløysing på kjølvikstølen

     

    Andre punkt:

    1. Barnehagar med under 10 plassar i meir enn eitt år blir lagt ned. Rettleiiing om familiebarnehage blir gitt
    2. Full pedagogdekning skal etterstrebast i alle einingar
    3. Prøveordning med ungdomstrinn frå Nesflaten på Sand skule blir permanent frå 01.01.26
    4. Ny ungdomsskule på Sand blir ikkje utgreidd vidare – eksisterande bygg skal utbetrast
    5. Eiga sak om sal/etterbruk av bygg og FDVU-kostnader kjem i 2027
       

    Visjon for framtida

    Kommunedirektøren tilrår å satse på færre, men meir robuste og tverrfaglege einingar – oppvekstsentra – for å sikre:

    • Høg kvalitet i tilbodet til barn og elevar
    • God ressursutnytting
    • Sterke fagmiljø

Gje dine innspel her før 1. oktober

 

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63