Vedtaket kort oppsummert
Kommunestyret har vedteke at saka skal sendast tilbake til kommunedirektøren for vidare utgreiing. Det betyr at det ikkje blir gjort strukturelle endringar i barnehage- og skulestrukturen for barnehage- og skuleåret 2026–2027. Alle barnehagar og skular held fram som før.
Med utgangspunkt i vedtaket har kommunedirektøren no utarbeida forslag til nytt prosjektmandat som skal konkretisera oppdraget. Dette mandatet blir lagt fram for politisk behandling i møterunden desember 25. '
Dette skal utgreiast vidare
Kommunedirektøren har fått i oppdrag å greie ut fleire viktige tema:
- Barnets beste
- Reiseveg
- Risiko og sårbarheit (ROS) knytt til skuleveg
- Samfunnseffektar
- Pedagogisk kvalitet
- Medverknad
- Økonomi
- Tysingvatnet skal og vurderast som mogleg felles skulelokalisering i sør
Les forslag til prosjektmandat frå kommunedirektøren her. Dette dokumentet forklarer korleis kommunen skal jobba vidare med barnehage- og skulebruksplanen.
Framdrift
Prosjektmandatet føreslår at det blir oppretta ei breitt samansett prosjektgruppe som skal arbeide med utgreiinga. Gruppa inkluderer blant anna representantar frå barnehage, skule, SFO, helsetenesta, PPT, samfunnsutvikling, FAU og fagrørslene. Det blir også henta inn ekstern fagleg bistand.
Prosjektmandatet legg opp til høyringsperioden blir frå 1. juni til 4. september 2026, og endeleg vedtak skal gjerast i kommunestyret 29. oktober 2026.
Medverknad - ein viktig del av prosessen
I arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen er medverknad frå innbyggjarane, tilsette og føresette heilt sentralt. Kommunen legg stor vekt på å lytte til innspel og erfaringar frå dei som blir påverka av endringar.
Medverknad betyr at alle får høve til å kome med innspel, og at desse blir vurderte. Innspela blir sett opp mot faglege vurderingar, lovverk og rammer for kommunal drift. Sjølv om ikkje alle forslag kan bli innfridde, er målet vårt at prosessen skal vere open, forståeleg og prega av respekt for dei som deltek.
Prosjektgruppa vil hente inn innspel frå FAU, elevråd, fagrørsler og samarbeidsutval, og høyringsprosessen sommaren 2026 blir open for alle som ønskjer å bidra.
Ei varm oppmoding til slutt
Barnehage- og skulebruksplanen handlar om noko av det mest verdifulle me har: borna våre og framtida vår. Me veit at dette er ei sak som engasjerer sterkt og kan vekkje både uro og sterke meiningar.
I eit lite lokalsamfunn som vårt er det ekstra viktig at me tar vare på kvarandre, både i samtalane og i prosessen. Me oppmodar alle til å bidra med innspel, stille spørsmål og delta i dialogen, men også til å skilje mellom sak og person. Me har ulike perspektiv, men eit felles mål: å skape gode oppvekstvilkår for alle barn og unge i Suldal.
Saman kan me finne løysingar som både er fagleg gode og menneskeleg kloke.
Kor finn eg meir informasjon?
På heimesida vår vil me vidareføra eit eige område for arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen. Her vil du etter kvart finna prosjektmandat, framdriftsplan og oppdateringar undervegs.