Slik tek me vare på innspela frå del 1

I del 1 av arbeidet fekk kommunen mange og viktige innspel frå foreldre, elevar, tilsette, FAU, grender, næringsliv og andre aktørar. Det blei gjennomført:

  • grendamøte i alle grender
  • møte i alle einingar i oppvekst
  • høyring open for alle

 

Kommunestyret har vedteke at alle desse innspela skal vere ein sentral del av grunnlaget for del 2.

I denne fasen blir det ikkje gjennomført ny brei medverknad, fordi:

  • ein samla inn omfattande og oppdatert medverknadsgrunnlag i 2025
  • ein skal byggje vidare på dette, ikkje starte på nytt
  • høyring berre skjer dersom lovverket krev det, eller saka avvik vesentleg frå førre forslag

 

Innspela frå del 1 vil bli synleggjort i:

  • saksframstilling
  • vurderingar av alternative løysingar
  • administrasjonen si tilråding