Om arbeidet

Suldal kommune arbeider no vidare med barnehage- og skulebruksplanen del 2. Denne fasen byggjer direkte på kommunestyret sitt vedtak i sak K‑079/25, og på prosjektmandatet som vart vedteke i desember 2025 (K‑090/25). Målet med utgreiinga er å gi kommunestyret eit tydeleg, etterprøvbart og fagleg solid grunnlag for å ta endeleg stilling til framtidig barnehage- og skulestruktur.

Arbeidet skal byggje på del 1 av prosessen:

  • eksisterande kunnskapsgrunnlag
  • tidlegare fagrapporter
  • høyringsinnspel
  • vurderingar

 

Den vidare utgreiinga er avgrensa til dei områda som er vedtekne av kommunestyret, og inneheld eit sett av konkrete problemstillingar innan barnets beste, reiseveg, samfunnseffektar, økonomi, pedagogisk kvalitet, beredskap og realistiske alternativ.

Prosjektet skal gjennomførast nøkternt og innanfor ei økonomisk ramme på inntil 800 000 kroner. Administrasjonen nyttar ekstern fagkompetanse i deler av arbeidet.