Barnehage- og skulebruksplan del 2

Suldal kommune er no i gang med den vidare utgreiinga av barnehage- og skulebruksplanen. Arbeidet byggjer direkte på vedtak i kommunestyret og prosjektmandatet som styrer kva tema som skal greiast ut vidare. Målet er å gi politikarane eit tydeleg, etterprøvbart og fagleg godt grunnlag for å ta stilling til framtidig struktur. På denne sida finn du informasjon om kva som skal utgreiast vidare, korleis prosessen er organisert, og korleis du kan følgje framdrifta.