Er du utsett for vald eller overgrep? - Suldal kommune heimeside

Er du utsett for vald eller overgrep?

Du har rett til å leve utan å bli slått eller skada. Du skal òg sleppe å oppleve at nokon du er glad i, blir utsett for vald. Du har rett til å bestemme over din eigen kropp.
Det finst mange som vil lytte og hjelpe. På denne sida finn du informasjon om:

  • Akutt hjelp
  • Støttetilbod
  • Råd og rettleiing for å kome deg ut av ein valdssituasjon.

Ved akutt fare

Dersom liv eller helse er i fare, ring politiet på 112.
Er du ikkje i akutt fare, kan du ringe 02800 for å kontakte politiet.

 

Les Suldal kommune sin plan for vald i nære relasjonar her