Kurs i trygghetssirkelenTrygghetssirkelen handlar ikkje om å bli perfekte foreldre. Godt nok er eit viktig bodskap i dette kurset.Circle of Security – Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram som er basert på 50 års forskning innan tilknytningsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje å oppleva at foreldrerolla er vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt for å delta.I kurset vil du bli kjent med trygghetssirkelen, ein modell som kan hjelpa deg til å sjå og forstå barnet ditt sine behov og signal, og til å bli tryggare på korleis du kan møta barnet ditt i heile spekteret av følelsar. På kurset blir det lagt vekt på korleis du kan:Observera, tolka og møta barnet sine behovHjelpa barnet til å regulera eigne følelsarHandtera utfordrande situasjonar ved å være større, sterkare, klokare og godTakla eigen frustrasjon i møte med barnet Kva møter deg på kurs?Du vil i løpet av kurset vera i gruppe med fleire andre foreldre. På kvar samling vil de sjå filmopptak av andre foreldre og barn. Filmane vil vera utgangspunktet for vidare samtalar i gruppa. Du vel sjølv kor mykje du vil dela av dine eigne tankar og erfaringar. Det vil vera noko heimearbeid mellom kurssamlingane. Kven er kurset for?Kurset passar for absolutt alle foreldre med barn i alderen 0-6 år. Du kan delta som foreldre åleine, eller med begge foreldre. Dersom barnet har fleire foreldre er det også greit at fleire deltar. Praktisk informasjonMe arrangerer kurset to gonger i året, vår og haustKurset er gratisKurset er for deg som har barn i barnehagealder 0-6 år. Det er ein fordel om begge føresette deltar, men ikkje eit krav - du er også velkomen åleineBarn er ikkje med på samlinganeDu må forstå norsk godt for å få utbyte av kursetForeldre frå heile kommunen er velkomne til å deltaDu deltar på 9 samlingar frå kl. 17.30 - 19.30. Første kursdag er 28. januarDu møter på Sand, Loftet BjødnateigenPåmeldingsfrist er 14. januar 2025DatoarCOS – P Kurs i Januar 2024, med kurshaldarar Linda Mehus Rugland og Alma Eyfjord Hiim. Begge er familieterapeutar og sertifiserte COS-P- kurshaldarar. Sted: Sand, Bjødnateigen - Loftet. Kl: 17:30-19:30.Påmeldingsfrist er 14. Januar. Det er første mann til mølla for påmelding, me tar i mot maks 12 personar i kvar gruppe. Kurset kan bli avlyst ved for få påmeldte. Datoar:28. januar4. februar11. februar18. februar4. mars11. mars18. mars25. mars1.april Dersom det ikkje passer å delta no, kan du delta på ny kursrekke med oppstart på eit seinare tidspunkt. Me held kurs med jamne mellomrom. Påmeldingsskjema Sagt av tidlegare kursdeltakarar«Ein lærer av kvarandre. Og nokre gonger lærer ein, og ser ting annleis, når ein høyrer seg sjølv sei det høgt også.»«Kjenner at eg ikkje er åleine om opplevingar, tankar og kjensler.» FolkOm trygghetssirkelen Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Publisert 28.05.2024 09.42