Barne- og familieteamet, for deg som treng støtte i kvardagen - Suldal kommune heimeside

Barne- og familieteamet, for deg som treng støtte i kvardagen

Er du barn, ungdom eller føresett og opplever utfordringar i livet? Kanskje er du uroa for psykisk helse, strevar i foreldrerolla, eller har opplevd noko vanskeleg i familien. Barne- og familieteamet er her for å støtte deg.

Me jobbar saman med heile familien for å gi hjelp her og no – og for å førebyggja vanskar seinare. Du kan få samtalar hos oss på Sand, eller me kan koma heim til deg. Tilbodet er gratis, og me har teieplikt.

Når du tek kontakt, prøver me å svare deg innan 14 dagar.

Kontakt oss

Du kan ta direkte kontakt med oss, du treng ikkje henvisning frå lege eller andre. Samarbeidspartnarar som skule, barnehage, helsestasjon eller andre kan òg ta kontakt på vegne av deg eller familien din. 

Kontakt barne- og familieteamet her. 

Kontakt

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60
Mobil 47 48 48 01

Bjødnateigvegen 21, 4230 Sand

Søknad om kommunale tenester

Profilbilde av Svanhild  Løge Skålheim
Svanhild Løge Skålheim
Einingsleiar
Telefon 99 36 25 23