Barnehage
Kommunen som barnehagemynde kan kontrollera barnehagen gjennom tilsyn for å sikra at barnehagen driv i samsvar med regelverket.
Dersom du meiner at barnehagen ikkje gjer nok for at barnet ditt skal ha det trygt og godt, kan du henvenda deg skriftleg til kommunen.
Skule
Dersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje har gjort nok for at eleven skal ha eit trygt og godt skulemiljø, kan du melda saka til Statsforvaltaren. Før du melder saka til statsforvaltaren:
- må du ha tatt opp saka med rektor på skulen
- må det ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor
Saka må i tillegg gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på no.
Er det heilt spesielle tilfelle, kan du alltid ta kontakt med Statsforvaltaren.