1.8.26 trer nye vedtekter inn for barnehagane i Suldal. Då kjem ein del av informasjonen som står på denne sida til å endra seg. Dei største endringane er:
- Barnehagane vil vera stengt julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag
- Barnehagane vil vera sommarstengt to veker kvar sommar. Stengingsperioden blir lagt til overgangen mellom ferieperiodane i helsesektoren, slik at endringa ikkje påverkar drifta av helse- og omsorgstenestene.
- Barnehagane vil berre tilby 5-dagars plass. 4 og 3 dagars tilbod går bort. Foreldre kan framleis avtale redusert oppmøte med barnehagen, men betaler for full plass.
- Opptaksfristen for hovudopptaket blir endra frå 1. mars til 1. februar. Fristen for opptak midt i året blir sett til 1. september.