Barnehagevedtekter

11 Samordna opptak

Barnehageåret blir rekna frå skulestart til skulestart.
Opptaksmynde ligg hjå einingsleiar. 
Alle barnehagane samarbeider om opptaket i samsvar med barnehagelova §17. 


11.1    Hovudopptak

Ved søknad om plass i barnehage skal ein nytta digital søknad i oppvekstportalen på Suldal kommune sine nettsider. 
Søknadsfrist for hovudopptaka er 1. mars for start ved nytt barnehage-år og 1. september for start i januar. 
Dei som søkjer innan fristen vil få tilbod om plass i den barnehagen ein søkjer som første ønske. 
Barnehageopptaket gjeld fortrinnsvis barn busett i Suldal kommune. Opptakskrinsane for barnehagane er dei same som for skulane.
Av pedagogiske og sosiale omsyn skal ein ved opptak sjå til at barnegruppene har ei rimeleg samansetjing når det gjeld alder, kjønn og barn med/utan særlege vanskar. 
I Sand barnehage blir barn så langt det lar seg gjera prioritert i det huset (avdeling Joagarden eller avdeling Randåsen) dei eventuelt har søsken i.

 

11.2    Overflyttingsopptak

Overflyttingsopptaket gjeld for dei barna som allereie har ein plass i barnehage i Suldal kommune, men som ønskjer overflytting til ein annan barnehage. Det er dei same reglane som ved hovudopptak gjeld og her.

 

11.3    Suppleringsopptak

Dei som søkjer etter fristen vil få tilbod om plass i næraste barnehage med ledig kapasitet, dersom det er fullt i den barnehagen ein søkjer som første ønske. Ved tildeling av plass har søkjarar som ikkje har fått tildelt sitt første ønskje rett til å bli satt på venteliste til denne barnehagen.

 

Dersom det blir venteliste ved suppleringsopptak skal ein i prioritert rekkefølgje ta omsyn til:

  1. Barn med rett til plass etter barnehagelova §18. Barn med nedsett funksjonsevne har rett til prioritert opptak ved barnehage. Det skal takast ei sakkunnig vurdering for å vurdera om barnet har nedsett funksjonsevne. Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§4-12 og 4-4 anna ledd, har rett til prioritet ved opptak til barnehage.
  2. Barn med rett til plass etter barnehagelova §16. Barn som fyll 1 år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august.
    Barn som fyll 1 år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyll 1 år.
    Søknadsfristen er 1. mars. Det er ein føresetnad for å få plass at barnet er busett i Suldal kommune. Tilflyttarar til kommunen må vera busett i Suldal seinast i august (evt. seinast den månaden barnet fyll 1 år) i opptaksåret for å ha rett til plass i hovudopptaket i mars.
  3. Vidare skal ein i uprioritert rekkefølgje ta omsyn til 
     
  • Barn som har einsleg forsytar
  • Barn frå heimar med særlege vanskar, t.d. sjukdom i heimen, vanskelege bustadtilhøve eller andre problem.
  • Barn frå heimar som ligg slik til at det er særleg stor trafikkfare, lite høve til leik med andre barn, eller andre tilhøve i miljøet som gjer at eit barn har særleg trong for opphald i barnehage.
  • Barn som høyrer til opptakskrinsen. 
  • Dersom fleire søkjarar står likt, får det eldste barnet plass først.

 

11.4    Rekruttering

Når ein familie flyttar frå ein annan kommune og søker barnehageplass mellom hovudopptaka, gjeld same reglar som ved punkt 11.1 hovudopptak. Familien kan forventa å få barnehageplass innan ein månad etter søknadsdato.