Barnehagevedtekter

3 Barna og foreldre/føresette sin medverknad

For å sikra samarbeidet med barna sin heim skal kvar barnehage ha eit foreldreråd (FAU) og eit samarbeidsutval (SU). Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagen sin daglege verksemd. Synspunkta til barnet skal til-leggjast vekt i samsvar med barnet sin alder og modnad. 


3.1 Foreldreråd (FAU)

Foreldrerådet består av foreldra/føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet skal fremja fellesinteressene til foreldra, og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet skal bli informert om, og har rett til å uttala seg i saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen. Ved avstemming i foreldrerådet, vil det bli gitt ein stemme for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld.

3.2 Samarbeidsutval (SU)

Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Eigar kan delta etter eige ønske, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Samarbeidsutvalet skal bli informert om saker som er viktige for barnehagen sitt innhald og verksemd, og for forholdet til foreldra.