Dokumentbaserte tilsyn
Dialogmøte
Suldal kommune gjennomfører årleg dialogmøte med samtlege barnehagar. Alle barnehagar skal svare på eit skjema som blir sendt ut. I dialogmøta er det fleire dokumentasjonskrav som skal synliggjera at barnehagen sin struktur- og innhaldskvalitet er i tråd med lovkravet. Dersom tilsynet avdekkjer forhold som avviker fra Lov om barnehagar, blir dette rapportert tilbake til barnehagen med ein tidsfrist for å rette det opp.
Årsmelding
I midten av desember, kvart år, rapporterer barnehageeigar om barnehagen sin strukturkvalitet til statistisk sentralbyrå (SSB). Rapporteringa gir tilsynsmynde grunnlag for å vurdera om barnehagane oppfyller krav til strukturkvalitet i tråd med krav i lov og forskriftar. Strukturkvalitet inneberer blant anna arealutnytting og pedagogdekning.