Suldal kommune er barnehagemynde

Det er Lov om barnehagar (barnehagelova) som ligg til grunn for korleis barnehagemynde utøver myndigheitsrolla. Kommunen er lokalt barnehagemynde og skal sjå til at barnehagane driv i samsvar med regelverket. 

Barnehagemynde sine oppgåver er:

  • Å fatta vedtak om godkjenning av barnehagar
  • Behandla søknadar om dispensasjonar
  • Andre myndigheitsoppgåver som følgjer av barnehagelova med forskrifter. 

 

Barnehagemynde nyttar tre verkemiddel:

  1. Rettleiing
  2. Tilsyn
  3. Godkjenning

 

1. Rettleiing (barnehagelova § 10)

Dersom barnehagemynde vurderer at det er fare for regelverksbrot, kan me vurdera rettleiing med barnehageeigar. Rettleiinga har som mål at barnehagen skal drive i tråd med regelverket. Rettleiingsprosessen og saksgang i rettleiinga er mellom barnehagemynde og barnehageigar.

Tilsyn (barnehagelova §53)

Dersom barnehagemynde vurderer at det er fare for regelverksbrot, kan me vurdera å opna tilsyn. Tilsynsprosessen og saksgang i tilsynet er mellom barnehagemynde og barnehageeigar. Etter eit tilsyn er gjennomført mottek barnehagen ein rapport. Dersom barnehagemynde avdekker brot på barnehagelova med forskrifter, vil barnehagen få varsel om pålegg om retting. Saksgangen følgjer forvaltningslova sine prinsipp.

 

Uforsvarlege forhold

Når barnehagemynde vurderer uforsvarlege forhold i ein barnehage, kan mynde gi barnehagen pålegg om å retta opp i dette. Denne ordninga fungerer som ein sikkerheit, og har som hensikt å fanga opp forhold som ikkje er direkte regulert i barnehagelova, men som kan føra til uforsvarlege forhold for barna sin trivsel, leik, læring og utvikling. 

 

For at barnehagemynde skal sikra at dette regelverket blir etterfulgt inneberer det:

  • Aktivitet for å vurdera risiko for brot på barnehagelova med forskrifter
  • Ein plikt til å bruke verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i tråd med regelverket

 

Legitimitet

For å sikre rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Suldal kommune og sikra legitimitet av arbeidet, er kommunens eigarrolle i barnehagesektoren åtskilt frå myndigheitsrolla. Det betyr at oppgåvene blir utført i eit samarbeid med Sauda og Vindafjord kommunar, og at det er desse som blant anna utfører tilsyn i barnehagane våre. Det kan du lesa meir om her.