Betaling for kommunale tenester - Suldal kommune heimeside

Betaling for kommunale tenester

Dersom du tek imot tenester av oss, eller får krav som du skal betala for, skal du betala fakturaen me sender deg. Me anbefaler alle å nytta avtalegiro og eFaktura. 

Slike tenester kan vere:

  • kommunale avgifter/eigedomsskatt
  • tekniske tenester
  • heimetenester
  • barnehage/SFO
  • kulturskule
  • husleige
  • leige av sal
  • torgleige
  • bibliotek

 

Betaling

  • Normalt sett skal du betala faktura til konto 3201 64 26244. 
  • Oppgjer for andre krav kan gjerast til konto 3202 07 01152.
  • Me har eigne betalingsordningar for Helse (lege, fysioterapi) og kulturhuset sine arrangement.
  • Ved anna betaling – husk KID-nummer.
  • Forfallsdato skal gå tydeleg fram av fakturaen. 
  • Kan du ikkje betale innan forfall, kan du endre forfallsdato på Min side.  Me oppfordrar alle til å nytta avtalegiro/ eFaktura.
  • Betal innan fristen, så slepp du renter og gebyr.  Dette vert berekna etter dei satsar og reglar som gjeld til ei kvar tid. 

 

Me oppfordrar alle til å nytta avtalegiro / eFaktura.

Når sender me faktura?

Me sender som hovudregel ut faktura på kommunale avgifter ein gong i halvåret: 20. mars og 20. september. På Min side kan sjølv velje om du vil motta faktura 2, 4 eller 12 gonger i året. 
Andre kommunale fakturaer, feks. husleige, heimetenester,  barnehage og SFO sender me ut til den 20. i kvar månad. Juli månad er betalingsfri for barnehage og SFO. 

Dersom du ikkje betaler til forfall føretek kommunekasseraren vidare innkrevjing i saka.

Kontakt

Faktura
Telefon 52 79 22 28

Eidsvegen 7, 4230 Sand