Kraftlaget podcast
Suldal kommune
Kraftlaget
Kraftlaget tek deg med inn i kvardagen til dei som får kommunen til å gå rundt. Elisabeth Bjørkhaug og Bente Tednes Gjil møter menneske som jobbar i og med Suldal kommune – folk med historiar, tankar, frustrasjonar, latter og kraft.
Gjennom ærlege samtalar og engasjement, blir lyttarane betre kjent med både kollegaer, fagfelt og kommunen vår. Me trur arbeidsglede smittar – og at krafta ligg i folka våre, ikkje berre i vassmagasina.
Så sett deg godt til rette, eller ta oss med på øyret gjennom arbeidsdagen – dette er Kraftlaget.
Du finn podcasten der du lyttar til podcast, som blant anna Spotify.