Bli sommarvikar i Suldal kommune - Suldal kommune heimeside

Bli sommarvikar i Suldal kommune

Vil du ha ein sommarjobb som gir deg verdifull erfaring – og gode minner? Som sommarvikar hos oss får du bidra til viktige tenester for innbyggjarane, samtidig som du blir ein del av eit godt sommarjobbmiljø i flotte Suldal.

Søk din sommarjobb hjå teknisk drift innan 4. mars

Teknisk drift lysar ut fleire sommarvikarstillingar. 

Jobb i drifts- og vedlikehaldsavdelinga: Arbeid med grøntanlegg og måling/beising av hus. Du må vere 16 år eller eldre (eller bli 16 i løpet av 2026). 

Jobb i reinhaldsavdelinga: Arbeid med reinhald i kommunale bygg. Du må vere 16 år eller eldre (eller bli 16 i løpet av 2026). 

Teknisk drift lysar også ut ei stilling som sesongarbeidar (mai - august). Her får du varierte arbeidsoppgåver rundt i heile kommunen. Du må vere glad i å vere utandørs, vere over 18 år og ha sertifikat klasse B. Det er ein fordel om du har arbeidserfaring med grøntanlegg. 

Lenke til ledige stillingar

Søk din sommarjobb innan helse innan 12. januar

Vil du jobba turnus i pleie og omsorg i minst fire veker? Då får du ekstra løn! 1 500 kroner for den fjerde veka – og heile 3 500 kroner ekstra for kvar veke etter det. Jo lengre du jobbar, jo meir tener du! P.S: Gjeld berre fulle veker. 

Hos oss får du: 

  • Du får opplæring og støtte frå dyktige kollegaer.
  • Konkurransedyktig løn og trygg arbeidsplass.
  • Ein sommar med fjord, fjell og opplevingar rett utanfor døra.

 

Sjå ledige stillingar og søk her innan 12. januar. 

 

BONUS: Sumarvibbar - årets happening for sommarvikarar og læringar

Alle sommarvikarane våre blir invitert til Sumarvibbar – ein sosial kveld med sommarstemning, musikk og god mat.

Dette kan du gleda deg til:

  • DJ og sommarstemning
  • Tapas og fingermat
  • Aktivitetar og mingling
  • Sumarvibbar-t-skjorte og solbriller

 

Du kan ta med deg ein +1! Kjærasten, ei venninne, ein kompis eller bestemor – det bestemmer du heilt sjølv.

Bilde tatt på arrangement - Klikk for stort bileteSumarvibbar 2024 Suldal kommune

Velkommen til Kraftlaget – podkasten som tek deg med inn i kvardagen til dei som får kommunen til å gå rundt.

Du finn podcasten der du lyttar til podcast, som blant anna Spotify.

Elisabeth Bjørkhaug og Bente Tednes Gjil pratar med dei som jobbar i og med Suldal kommune – menneske med historiar, tankar, frustrasjonar, latter og kraft. 

I episoden “Sumarspesial” er dei innom Sumarvibbar, og har ein samtale med

  • Dawud Ibrahim, lærling i Sand barnehage
  • Oda Sandvik Hoftun, sjukepleiarstudent og sommervikar ved Suldal sjukeheim

Dei deler ærleg om korleis det er å jobba i kommunen – og gir oss knakande gode råd til korleis me tek vare på sommarfolka våre!

 

Møt Jarle, Marianne, Kathrine og Kari som er ein del av Kraftlaget vårt. 

Sommarjobb i Ryfylke - Klikk for stort bileteSommarjobben.no Ryfylke IKS

 

Finn sommarjobbar i heile Ryfylke på sommarjobben.no