Lærling i Suldal kommune - dette kan du velje mellom:
- Helsefagarbeidar
- Barne- og ungdomsarbeidar
For tida har me ikkje læreplassar som institusjonskokk eller byggdriftar, men ta gjerne kontakt dersom du vurderer desse faga.
Målet vårt er at lærlingane skal få ei lærerik og spanande læretid ute i einingane våre. Du får oppfølging frå opplæringskontoret og instruktørar på arbeidsplassen, slik at du får den kunnskapen og kompetansen du treng for å gå opp til fagprøva.
Korleis blir læretida?
Som lærling hos oss får du ein arbeidsavtale for den delen av utdanninga som skal skje i verksemda. Du får ein arbeidsstad og gode kollegaer som skal støtta deg i kvardagen på vegen mot fag- eller kompetanseprøva. Mange av lærlingane våre får høve til å vere på fleire arbeidsstader i løpet av læretida.
Me samarbeidar med opplæringskontoret Rytopp, som teiknar ein lærekontrakt med deg på vegne av fylkeskommunen. Du får ein saksbehandlar i Rytopp og ein instruktør i kommunen, som følgjer deg opp saman med kollegaene dine.
Som lærling har du både rettar og plikter. Du har rett til opplæring etter læreplanen, og plikt til å delta aktivt for å nå måla. Du skal vere med i planlegging og vurdering av ditt eige arbeid. Læretida blir avslutta med ei kompetanse- eller fagprøve.
Løn som lærling
Ved ei vanleg lærekontrakt på to år vil løna bli utbetalt i samsvar med hovudtariffavtalen:
- 30 % det første halvåret
- 40 % det andre halvåret
- 50 % det tredje halvåret
- 80 % det fjerde halvåret
Dette skjer når du søkjer ordinær læreplass
Vil du ta fagbrev som vaksen?
MFY (Modulstrukturert fag- og yrkesopplæring) er ein fleksibel opplæringsmodell for vaksne som ønskjer fagbrev. Gjennom MFY får du opplæring i moduler, kombinert med praksis og teori – tilpassa din erfaring og livssituasjon. Hos oss får du høve til å lære, vekse og bli ein del av eit fagmiljø som heiar på deg.
I Suldal kommune tilbyr me MFY i helsefagarbeidarfaget. Me samarbeider med opplæringskontoret Rytopp og Sauda vidaregåande skule for å sikre kvalitet og god oppfølging heilt fram til fagprøven. Viss du vurderer dette må du ta kontakt med Sauda vidaregåande skule for rettleiing og kartlegging av kompetansen din. Du må delta på eit felles informasjonsmøte på Sauda vidaregåande skule på våren og du får informasjon om korleis du søkjer læreplass som MFY deltakar.
Du treng ikkje VG1 og VG2 for å bli MFY lærling. Struktur på opplæringa vil variera etter kompetansen din, men nokre kandidatar har for eksempel hatt ein til to dagar på Sauda vidaregåande skule og resten av arbeidsveka har vore på arbeidsplassen hos oss. Er du nysgjerrig på ordninga? Ta kontakt med opplæringskontoret, Sauda vidaregåande skule eller HR.
Kontaktpersonar
Rytopp Opplæringskontor
Telefon: 47 23 17 35 / 95 76 54 53
E-post: post@rytopp.no
Adresse: Sandsvegen 134, 4230 Sand