Val 2025I Noreg gjennomførast det val annakvart år. I 2023 var det val til kommunestyre og fylkesting. I 2025 er det Stortingsval. Valdagen for Stortingsvalet er måndag 8.september. Her finn du Valdirektoratet si informasjonsside om valet. Informasjon til deg som skal stemmeHer vil du finna all informasjon du treng for å kunne ta del i valet. Valstyret har lagt stor vekt på at det skal vera enkelt å nytte stemmeretten sin. Valet er ein hjørnestein i demokratiet vårt, og din moglegheit som velgjar til å påverka korleis samfunnet styrast. Har du stemmerett? For å stemma ved Stortingsvalet 2025 må du:fylla 18 år innan utgongen av valåretvera norsk statsborgarvera innført i manntalet på valdagen Utanlandske stasborgare har stemmerett dersom dei har vore folkeregistrerte som busett i Noreg dei siste 3 åra før valdagen. Manntalet Manntalet er ei oversikt over dei som har stemmerett. Du har stemmerett i den kommunen du er folkeregistrert i pr. 30.juni. I juli legg kommunen ut manntalet til offentleg ettersyn slik at innbyggare har moglegheit til å retta feil. Valkort Frå valåret 2025 vil du ikkje lenger få tilsendt valkort. Du vil i staden få tilsendt informasjon om stemmeretten din. Hugs legitimasjon når du skal stemme Du må visa legitimasjon for å stemma ved val. Legitimasjonen skal som eit minstekrav innehelde namn, fødselsdato og bilete.Eksempel på legitimasjon:passnasjonalt ID-kortførarkort (også digitalt)bankkort med bilete Tidlegstemmeperioden frå 01.juli til 08.august Tidlegstemmer er førehandsstemmer som blir motteke i perioden frå og med 1. juli og fram til og med 8. august. Ordninga gjeld alle veljarar og er meint for dei som ikkje har høve til å stemma innanfor den ordinære førehandsstemmeperioden eller på valdagen.Kvar og når kan du tidlegstemma?Du kan gi tidleg førehandsstemme på kommunehuset.AdresseEidsvegen 7, 4230 SandNår?Måndag til fredag klokka 10.00-14.00Du må avtala tid på førehand, ring 52 79 22 00Hugs å ha med legitimasjon! Ordinær førehandsstemming - frå 11.august til 5.september Kvar og når kan du førehandsstemma?Førehandsstemminga er ved årets val lagt til Kulturhuset i Suldal, i deira opningstider. Førehandsstemming Kulturhuset Vekedag Frå Til Måndag Kl.10.00 Kl.15.00 Tysdag Kl.10.00 Kl.15.00 Onsdag Kl.10.00 Kl.15.00 Torsdag Kl.10.00 Kl.18.00 Fredag Kl.10.00 Kl.15.00 Laurdag Kl.11.00 15.00 I tillegg kan du dei siste laurdagane før valet stemma ved butikkane ute i grendene. Førehandsrøøysting i grendene Stad Dato Frå Til Vatlandsvåg 16.august Kl.12.00 Kl.15.00 Jelsa 23.august Kl.12.00 Kl.15.00 Nesflaten 23.august Kl.12.00 Kl.15.00 Suldalsosen 30.august Kl.12.00 Kl.15.00 Erfjord 30.august Kl.12.00 Kl.15.00 Valting - valdagen måndag 8.september For å stemma å valdagen må du stå i manntalet i den kommunen du skal avgi stemme i (vera busett i Suldal kommune 30.juni i valåret). Vallokaler på valting 8.september Vallokaler på valting 8.september Grend Vallokale Opnngstid Erfjord Erfjord skule kl.12.00 - 19.00 Jelsa Jelsa bygdahus kl.12.00 - 19.00 Nesflaten Øvre Suldal Samfunnshus kl.12.00 - 19.00 Ropeidhalvøya Kjølvikstølen grendahus kl.12.00 - 19.00 Sand Kulturhuset i Suldal kl.12.00 - 20.00 Vanvik Vanvik oppvekstsenter kl.12.00 - 19.00 Suldalsosen Suldal smfunnshus kl.12.00 - 19.00 Førehandstemming i institusjon Suldal sjukeheim Førehandsrøysting for bebuare ved Suldal sjukeheim torsdag 28.august kl.10.00 - 12.00. Heimestemming (ambulerande stemmegiving) Veljarar som er for sjuke til å ta seg fram til eit vallokale har krav på å få stemma heimefrå. Frist for å søka om heimestemming er torsdag 04. september klokka 12.00. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. Du kan ringa vårt sentralbord ( 52 79 22 00) og be om å få stemma heimefrå. Valstyret Valstyret er ansvarlege for gjennomføringa av valet og gjer vedtak i prinsipielle saker. Valstyret har delegert til kommunedirektøren å organisera og gjennomføra valet i saker som ikkje ligg til valstyret etter vallova.Valstyret i Suldal har 3 medlem og følgjande adresse:Valstyret i SuldalEidsvegen 74230 SAND Valstyret 2025 Namn Rolle Torbjørn Indrebø Leiar Kari Vaage Gjuvsland Medlem Øyvind Tveitane Lovra Medlem Valansvarleg Martine Førre er valansvarleg for Stortingsvalet 2025. Publisert 30.04.2025 13.36