Suldal fjellstyre - Suldal kommune heimeside

Suldal fjellstyre

Suldal Fjellstyre forvaltar jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning – eit vidstrakt fjellområde på 92 000 dekar i Dyreheio, med ein mindre del i Breifonn. Fjellstyret arbeider for at allmenningsressursane skal nyttast på ein berekraftig og rettferdig måte, slik fjellova krev.

Suldal Fjellstyre har ansvar for forvaltninga av jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning. Området strekkjer seg over 92 000 daa i Dyreheio og omfattar også eit mindre areal i Breifonnområdet.


Reinsjakta i statsallmenningen er avgrensa til innbyggarar i gamle Suldal kommune, medan småviltjakt og fiske er ope for alle.  Jakt- og fiskekort blir selt via Inatur.no.


Fjellstyret si verksemd er heimla i fjellova, som regulerer korleis rettar og ressursar i statsallmenningane skal utnyttast. Du kan lese meir her: Lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) – Lovdata.


Medlemmene i fjellstyret blir valde av kommunestyret, men fjellstyret er likevel eit sjølvstendig og frittståande organ.


Styret

  • Leiar: Kristian Steine
  • Nestleiar og skrivar: Turi Ottersland Tjøstheim
  • Kasserar: Lena Notvik Bråtveit
  • Hytteansvarleg: Kjell Ove Nærheim
  • Styremedlem: Frode Moen

Kontakt

Turi Ottersland Tjøstheim
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04