Visste du at det er kommunane som sjølv har rolla som barnehagemynde?

Dobbeltrolla som barnehageeigar og barnehagemynde, kan vere ei balansegang for kommunen. For å handtera denne dobbeltrolla har Suldal kommune eit samarbeid med Sauda og Vindafjord. Dette samarbeidet har fått gode tilbakemeldingar frå Statsforvaltaren i Rogaland. 

Barnehagemynde - Klikk for stort bileteHer er VISS kommunane samla på KS konferanse i Oslo Fv: Svein Carlos Gjil, Suldal, Tore Bastlien Dahl, Suldal, Anita J. Grindheim, Vindafjord, Jannicke H. Hatlen, Sauda og Nils Erik Eide, Vindafjord Emil Gunhildrud, Thon Oslo Airport

Ein heilskapleg oppvekstpolitikk

Denne veka har barnehagemynde i samarbeidet vore på kurs, og det har vore mykje spennande på agendaen! 🎉 Kunnskapsministeren snakka om kor viktig det er med eit trygt og godt barnehagemiljø. Vidare var det fokus på rolla som eigar og mynde, og korleis kommunen kan sikra kvalitet i tenestene og eit likeverdig barnehagetilbod til alle barn. Ein heilskapleg oppvekstpolitikk er avgjerande for å skapa gode oppvekstvilkår.

Her kan du lesa meir om rolla som barnehagemynde. 

 

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63