Suldal kommune har gode støtteordningar
Me treng fleire sjukepleiarar – og me ønskjer å bidra til at fleire får moglegheit til å ta utdanning. Difor kan du søkja på 1 av 2 ordningar: støtte til grunnutdanning eller studiestipend.
Søk om støtte til grunnutdanning
- Du må søkja før studiestart (du treng ikkje ha fått plass endå)
- Søknadsfristar: 1. mars, 1. juni, 1. september, 1. desember
- Me vurderer kvar søknad individuelt, basert på behov, satsingsområde og tilgjengelege midlar
- Det kan bli aktuelt med bindingstid etter utdanning, avhengig av støtteomfang
Tilsette søkjer via internt skjema
Andre kan kontakte organisasjonsrådgjevar Gorm Hol på e-post
Les meir om støtte til grunnutdanning her.
Søk om studiestipend
For å få studiestipend må du ha eit arbeidsforhold hos oss medan du studerer, for eksempel som helgevikar eller sommarvikar. Då kan du søkja om:
- 10 000 kr i stipend for sommar- eller helgevikariat
- 25 000 kr dersom du har eitt år igjen av utdanninga
Les meir om studiestipend her
Vil du vita meir om Suldal kommune sine støtteordningar?