Velkommen til temakafè for kreftpasientar

Har du fått ein kreftdiagnose, eller er du pårørande til nokon med kreft? Då kan kreftkoordinatoren vere ein viktig støttespelar for deg. 

 

Tilbodet er gratis

Kreftkoordinatoren er spesialsjukepleiar med vidareutdanning i kreftsjukepleie og kompetanse innan lindrande omsorg.

Tilbodet er gratis og du kan ta direkte kontakt.  Kreftkoordinator har kontorplass i korridoren mellom legekontoret og sjukeheimen.

Temakafè

Neste veke inviterer me til temakafé – ein uformell og sosial møteplass for deg som er råka av kreft.

  • Tysdag 10. september
  • Kl. 18.00–20.00
  • På Kulturhuset i Suldal
  • Enkel servering
  • Tema: Kreftkoordinatoren informerer om kommunale tilbod

Du treng ikkje melde deg på, du er alltid velkommen!

Arrangørar av temakafèen er:

  • Suldal kommune
  • Suldal frivilligsentral
  • Kreftforeningen

Kontakt

Profilbilde av Kreftkoordinator
Kreftkoordinator
Telefon 40 41 89 54

Måndag kl 8.00-15.00

Tysdag kl 8.00-15.00

Torsdag 8.00-15.00

Kreftkoordinator er Elida Lillehammer Bakka