Vatningsforbod

Vatningsforbod for deg som har kommunal vassforsyning tilknytta Erfjord vassverk. Erfjord vassverk forsyner Erfjord, Foreneset/Nyvoll, Jelsa og Vatlandsvåg. 

Grunna det fina veret opplever me stabilt høgt vassforbruk. Det er difor naudsynt å innføra vatningsforbod for vasspredarar og anna unødig bruk av vatn. Vatningsforbodet gjeld frå og med i dag 11.07.25 og til over helga. Dei som ikkje har kommunal vassforsyning kan sjå vekk frå forbodet.

Me beklagar dei ulemper dette måtte medføra. For meir informasjon, ta kontakt med vakttelefon VA 47458928

Denne meldinga har blitt sendt ut på sms til dei det gjeld.