Suldal kommune har levert 1. tertialrapport: – Slik ligg me an så langt i 2025

Kommunedirektøren har no levert forslag til det som heiter 1. tertialrapport for 2025. Men kva betyr eigentleg det?

Statusoppdatering

Kort fortalt er ein tertialrapport ein slags "statusoppdatering" for kommunen. Året er delt inn i tre delar – såkalla tertial – og etter kvar av dei lagar kommunen ein rapport som viser korleis det går med økonomien og drifta. Den første tertialen dekkjer perioden januar til april.

I rapporten ser ein på om kommunen brukar meir eller mindre pengar enn planlagt, korleis det går med tenestene til innbyggjarane, og kva utfordringar og moglegheiter som ligg framfor oss. Det er eit viktig verktøy for både politikarar og administrasjon for å styra kommunen på ein god kurs. Politikarane skal behandla rapporten i møterunden i juni

 

Kva går bra, kva utfordrar - og kva ventar vidare?

Les 1. tertialrapport og få innsikt i kva som går bra, kva som utfordrar – og kva som ventar vidare i 2025.