Suldal kommune budsjett 2026: Tid for ansvarlege og framtidsretta val

Suldal har til no vore i ein privilegert situasjon med godt økonomisk handlingsrom, men no varslar kommunedirektøren ei ny tid: Dersom kommunen held fram som før, vil handlingsrommet vere sterkt avgrensa innan tre år.
Formannskapet i Suldal vedtok 24.november sitt framleggforslag. Framlegget er no ute til høyring.

Kommunedirektør - Klikk for stort bileteSiri Halvorsen Omega 365 design

Uro i verda, og i kommuneøkonomien

Den globale tryggleikssituasjonen, auka satsing på forsvar og beredskap, og endringar i statlege overføringar påverkar også Suldal. I 2026 er det Totalberedskapens år, og kommunen prioriterer oppdatert ROS-analyse med fokus på krig og kriser.

Forventningsgapet – mellom ønskjer og moglegheiter

Kommunedirektøren peikar på eit aukande gap mellom det innbyggjarar, politikarar og organisasjonen forventar, og det kommunen faktisk har ressursar til å levere. Dette gjeld både lovpålagte tenester og tilleggstilbod som:

  • Skular og barnehagar i alle grender
  • Ekstraordinære kulturtilbod
  • Økonomisk stønad til lag og organisasjonar

Suldal har hatt høgt driftsnivå og kostnad per innbyggar, men må no prioritere kjerneoppgåver og vurdere kva som er realistisk å oppretthalde.

Digital transformasjon og berekraftige tenester

Ei av dei viktigaste utfordringane for organisasjonen er knytt til digital transformasjon. Kommunen må legge til rette for at innbyggjarane kan samhandle digitalt med kommunen, saumlaust og tilgjengeleg døgnet rundt.

Berekraftige tenester betyr også at kommunen må slutte med nokre tenester for å gi rom til nye innanfor dei same økonomiske rammene. Dette krev både kompetanse og handlekraft, og ei målretta satsing på rekruttering og utvikling av tilsette.

Mangelen på kompetanse og vikarar er ei dagleg utfordring, spesielt i skule og barnehage. Dette går ut over kvaliteten i tenestene, seier kommunedirektøren.

Gjennom kontinuerleg forbetringsarbeid og samarbeid med andre kommunar, skal Suldal utvikle berekraftige tenester som står seg over tid.

Industrisatsing og kraftutbygging – moglegheiter og ansvar

Suldal bur seg på ei industrisatsing med stort potensial for lokal verdiskaping. Utviding av kraftanlegg, utvikling av næringsområde på Berakvam og samarbeid med Stavangerregionen er viktige grep.
Men med vekst kjem også ansvar: Auka klimautslepp og redusert naturmangfald er lokale konsekvensar som må handterast. Kommunedirektøren tilrår at kommunen snur fleire steinar for å få ned utsleppa lokalt, og at dette blir ei felles utfordring for heile organisasjonen og dei folkevalde.

Strukturelle grep og prioriteringar

Budsjettet legg opp til:

  • Reduksjon i årsverk: 33,2 årsverk i løpet av økonomiplanperioden.
  • Strukturendringar innan oppvekst, helse og administrasjon.
  • Innsparingstiltak på både lovpålagte og ikkje-lovpålagte tenester.
  • Prioritering av kjerneoppgåver og lovpålagte tenester.

 

Openheit og dialog

Kommunedirektøren understrekar at arbeidet krev openheit og tillit mellom innbyggjarar, organisasjonen og dei folkevalde. Budsjettet speglar både realitetane og verdiane kommunen ønskjer å halde fast ved.

Me har framleis ei moglegheit til å styre utviklinga, om me tør å ta dei nødvendige prioriteringane, seier kommunedirektøren.

 

Politisk behandling

Kommunedirektøren presenterte 30. oktober budsjettframlegget for kommunestyret. 

Les kommunedirektøren sitt forslag til budsjett her

Sjå opptak frå presentasjonen i kommunestyret 30.10.25 her.


Formannskapet har i samsvar med kommunelova § 14 - 3 no lagt sitt framlegg ut til høyring.

Les Suldal formannskap sitt budsjettforslag her

Kommunestyret skal gjer endeleg vedtak i møte 11.desember.2025.

Send inn dine høyringsinnspel

Kontakt

Profilbilde av Siri Halvorsen
Siri Halvorsen
Kommunedirektør
E-post
Telefon 97 64 51 33
Mobil 97 64 51 33