Strøyma møte - Norconsult presenterer foreløpig rapport - barnehage og skulebruksplan
Torsdag 22. mai kl. 18.00, inviterer me til ope folkemøte på Kulturhuset. Her vil Norconsult presentera sin førebelse rapport i arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen for kommunen.
Me veit at dette er eit tema som engasjerer – og det forstår me godt. Barnehagar og skular spelar ei viktig rolle i kvardagen til mange, og det er naturleg at folk har spørsmål og ønskjer å forstå kva vurderingar som ligg bak. Difor håpar me så mange som mogleg kan møta i morgon.
Du kan også delta digitalt
Møtet blir også strøyma digitalt, men merk at det ikkje vil vera mogleg å stilla spørsmål. Me oppfordrar difor alle som har høve til det, om å møta opp fysisk.
- Stad: Kulturhuset i Suldal
- Tid: Torsdag 22. mai kl. 18.00
Lenke til strøyma møte
Publisert 21.05.2025 13.42