Storviltjakt hausten 2025

Frå hausten er det ordinære jakttider som gjeld.

Følgjande jakttider gjeld:

Storviltjakt
ViltFrå:Til:
Hjort1.september23.desember
Elg25.september23.desember
Rådyr25.september23.desember
Råbukk10.august23.desember

 

Fri avskyting av hjortekalv

Fri avskyting av hjortekalv er eit tiltak for å redusera beiteskade. Retten til å felle eit fritt tal hjortekalv gjeld alle jaktrettshavarar i valdet, men den enkelte grunneigar må gi samtykke til kvotefri kalvejakt på sin eigedom.

Kartlegging av skrantesjuke

Suldal er ein del av kartleggingsprogrammet for skrantesjuke (CWD) og me er pålagt å ta cwd-prøver av elg og hjort frå dyr som er 2 år og eldre felt under ordinær jakt. Dette skal skyttar/jegar gjere sjølv. Jegarar kan hente prøvetakingsutstyr på nærbutikkane i dei ulike grendene.

Kontakt

Turi Ottersland Tjøstheim
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04