Spyleflaum i Suldalslågen

Statkraft varslar om spyleflaum i Suldalslågen i perioden 16. - 30.oktober.

Bakgrunn

Statkraft manøvrerar kraftstasjonar og dammar slik at vassføringa i Suldalslågen er i samsvar med reglementet for Ulla-Førre-verka.

Utdrag frå reglementet for Suldalslågen: “Innenfor perioden 16.oktober til 30.oktober skal det slippes to flommer på 200 m³/s, begge med varighet på 24 timer. Mellom og etter flommene skal det slippes 35 m³/s.”

Tidspunkt for start av spyleflaum er: Måndag 20. oktober kl 08.00.

Auka vassføring

Vassføringa ut av Suldalsvatnet vil då auke til 200 m³/s i løpet av kort tid.
I samsvar med reglementet skal Statkraft ved flaum «ta sikte på å halde vassføringa ved Larvika under 350 m³/s.»
 

Me kan difor ikkje sjå at flaumane medfører fare for skadeflaum.
Det vil i denne perioden vere sterk straum oppstraums dam ved Suldalsosen. Ferdsel på vatnet i dette området er forbunde med stor fare.
Me understrekar at vasstanden i Suldalslågen vil auke raskt, og tilrår alle å fjerne eller sikre verdiar i strandsona.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål kan du kontakta kraftverksjef Bjørn Sandvik tlf. 481 64 403.