Sjukepleiarutdanning i Ryfylke - Fristen for deg med realkompetanse nærmar seg. Vil du studere bachelor i sjukepleie – utan å måtte flytte frå Suldal? Ryfylke utdanningsenter tilbyr desentralisert bachelor i sjukepleie. Frist for deg med realkompetanse er 1. mars, og for deg med generell studiekompetanse 15. april. Ryfylke utdanningssenter Ryfylke utdaningssenter Desentralisert bachelor i Ryfylke gir deg:Praksisnær utdanningSamlingsbasert studie lokaltUndervisning frå UiSPraksis i kommunane (sjukeheim, heimeteneste, psykisk helse)Studiet passar for: Deg som vil ha ein meiningsfull jobbTilsette som ønskjer fagleg utviklingVaksne studentar og arbeidssøkjararDeg som vil kombinere jobb og utdanning Les meir på nettsida til Ryfylke utdanningssenter StipendEr du helgevikar eller sommarvikar hos oss? Då tilbyr me 10 000 kr i stipend til deg som også er sjukepleiarstudent. Når du har 1 år igjen av studiet kan du få 25 000 kr i året i stipend. Les meir om stipendordninga her Støtte til grunnutdanningMe gir og støtte til grunnutdanning - både til våre tilsette, og til personar som ønskjer å jobba hos oss når dei er ferdig utdanna. Me tar ein individuell vurdering for kvar søknad som kjem inn. I behandlinga gjer me ein samla vurdering basert på blant anna kommunen sine satsingsområde, tilgjengelege midlar og behovet for kompetanse. Det vil og bli gjort vurdering om me krev bindingstid i kommunen etter utdanninga, dette er basert på kor mykje støtte Suldal kommune gjer i kvar enkelt sak. Les meir om utdanningsmidlar herDu som allereie er tilsett i Suldal kommune kan senda ein søknad via dette skjemaetDu som ikkje er tilsett i Suldal kommune kan ta kontakt med HR-rådgjevar Elise Nedrejord på e-post Publisert 12.02.2026 13.40