Revidert saksframlegg i saka barnehage- og skulebruksplan. Ropeidhalvøya er tatt inn i saka. Barnehage- og skulebruksplanen for Suldal kommune har vore ute på høyring frå 1. juli til 12. september 2025. Etter mange gode og tydelege innspel frå innbyggjarane i heile kommunen, har kommunedirektøren revidert saksframlegget som politikarane skal behandla. Endringa i saksframlegget gjeld Ropeidhalvøya, som no er teke inn i saka. Sidan tilbakemeldingane på dette punktet var så tydelege, blir det sendt ut ei revidert sak på høyring, og høyringsfristen er utvida med 2,5 veker – til og med onsdag 1. oktober 2025. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Viktige endringar i revidert saksframleggPå bakgrunn av høyringsinnspela er det gjort følgjande endringar: Punkt 7:Marvik skule blir lagt ned frå 01.08.2026. Elevane ved Marvik skule vert overført til Sand skule.Punkt 8:Kjølvikstølen barnehage blir vidareført som i dag. Det skal greiast ut framtidig byggløysing på Kjølvikstølen med prosjektering i 2027.Desse punkta gjeld Ropeidhalvøya, og er nye i høve til det som var ute på høyring tidlegare. Utvida høyringsfristHøyringsfristen er utvida med 2,5 veker. Du kan sende innspel fram til onsdag 1. oktober 2025. Grendamøte på RopeidhalvøyaDet blir halde grendamøte på Ropeidhalvøya måndag 22. september 2025. Her får du:Informasjon om endringaneHøve til å stilla spørsmålMoglegheit til å gje tilbakemelding, både i grupper og individuelt Nye vedlegg i sakaTre nye vedlegg er lagt til i kunnskapsgrunnlaget:Ei eiga utgreiing om barnehage og skule på RopeidhalvøyaBefolkningsutviklingsrapport frå NorconsultRapport om kompetanse i skulen, bestilt av kontrollutvaletSlik gir du innspelDu kan lese heile den reviderte saka og sende inn høyringssvar via skjemaet her på prosjektsida. Publisert 15.09.2025 12.47