Driftsrekneskapen for 2024 viser eit solid resultat, med eit netto driftsresultat på 138,8 mill kr. Dette utgjer ca 16,8 % av brutto driftsinntekter, og er ein nedgong på rundt 26,1 millioner kr. frå 2023, men likevel betre enn regulert budsjett som utgjer 8,8%.
Inntekter
Inntektene aukar med 7,5 mill kr. frå 2023. Inntekter frå sal av konsesjonskraft, eigedomsskatt og brukarbetaling er reduserte, men rammetilskot, inntektsskatt og andre overføringar aukar. Inntektene innheld også om lag 10,5 mill kr i tilskot til ulike prosjekt, og ein korreksjonspost som gir meir inntekt på 12,2 mill kr. Sum inntekt er 41,9 mill kr høgare enn regulert budsjett.
Suldal kommune sel konsesjonskraft i spotmarknaden. Vårt prisområde blir påverka av energisituasjonen i Eruopa. Inntektene gir Suldal moglegheiter til å gjera store investeringar for felleskapet, setje av midlar til vanskelege tider og halde lånegrada låg. Sal av konsesjonskraft utgjer 67,6 mill kr, av dette vert det overført til andre 6,4 mill kr. Netto er sal av konsesjonskraft kr 6,9 mill betre enn regulert budsjett. Samanlikna med fjoråret var det i 2023 sal av konsesjonskraft for 122,2 mill kr, og overføring til andre 11,7 mill kr.
Utgifter
Utgiftene aukar med 39,9 mill kr. Løn og sosiale utgifter har auka med 61,2 mill kr, medan kjøp av varer og tenester og overføringar er redusert med 23,9 mill. kr. Sum utgifter er 5,1 mill kr mindre enn regulert budsjett.
Suldal kommune har ein god økonomi men inntektene er under press. Forholdet mellom inntekter og utgifter utviklar seg i negativ retning, og Suldal kommune må arbeida vidare med tiltak for å oppretthalde handlefridomen. Særleg viktig er det å sørge for at uforutsigbare og svingande inntekter som kraftinntekter ikkje blir sett inn til drift av kommunen i for stor grad.
Ved utgangen av 2024 var kommunens disposisjonsfond på 460,2 mill kroner, der 300 mill kr av desse er knytt til planlagt bruk.
Finans
Netto finansinntekt utgjer 20,3 mill kr. Renteinntekter har auka betydeleg grunna høgare rente og større likviditetsbehaldning. Likvide midlar har vore ekstra store grunna etterslep i investeringar. Renteinntekt utgjer 35,1 mill kr, utbytte og gevinst finansielle papir utgjer 22,7 mill kr og rente- og avdragsutgifter utgjer kr 37,6 mill kr.
Investeringar og finansiering
Totale investeringsutgifter i 2024 var 348,9 millioner kroner. 68,1% av desse er finansiert med eigne midlar, 28,09% av overføringar og 2,84% av lån.
Nærare ugreiiing av rekneskapet vil framgå av årsmeldinga til Suldal kommune. Årsrekneskapen er gjort opp etter gjeldande regelverk og overlevert revisjonen for kontroll og endeleg godkjenning.
Årsmelding og rekneskap for 2024 skal handsamast i formannskapet 08. mai og i kommunestyret 22. mai.