Om arbeidet
Etter eit grundig utgreiingsarbeid har Norconsult levert sine vurderingar og forslag til kommunen. Arbeidet er ein del av barnehage- og skulebruksplanen, som skal danne grunnlaget for politiske avgjerder om framtidig struktur og investeringar i oppvekstsektoren i Suldal.
Prosjektet har vore leia av Jostein Danielsen, rådgjevar med bakgrunn som skuleleiar, og med seg har han hatt eit team med brei kompetanse innan pedagogikk, planlegging og analyse. Gjennom prosessen har Norconsult besøkt barnehagar og skular i kommunen, gjennomført kartleggingar og analysert behov og moglegheiter.
Rapportane inneheld mellom anna:
- Analyse av dagens situasjon for barnehagar og skular i kommunen
- Framtidsscenario basert på demografiske utviklingstrekk
- Tilrådde strukturelle grep, inkludert mogleg samanslåing, nybygg eller rehabilitering
- Kostnadsoverslag og investeringsbehov
- Pedagogiske og organisatoriske vurderingar
Norconsult tilrår ny struktur for barnehagar og skular – tryggleik og kvalitet i fokus
Norconsult har levert eit samla kunnskapsgrunnlag for framtidig organisering av barnehagar og skular i Suldal kommune. Dei tilrår ein ny struktur med tre oppvekstsenter og færre einingar for å sikre betre læringsmiljø, meir effektiv ressursbruk og sterkare fagmiljø. Ved å klikka på lenkene under kan du lesa dei ulike rapportane.
- Hovudrapporten (PDF, 13 MB) tilrår strukturendring for å møte krav til kvalitet, kompetanse og økonomi.
- Foreldreundersøkinga (PDF, 2 MB) viser høg tillit til tilsette, men peikar på behov for betre bygg og struktur.
- Eignaheitsvurderingane (PDF, 2 MB) stadfestar store variasjonar i funksjonalitet og tilgjenge.
- ROS-analysen (PDF, 4 MB) vurderer rasfare og digital undervisning. Den konkluderer med at ny struktur gir noko auka risiko for elevar frå Nesflaten, men at dette kan handterast med tiltak som digital undervisning og betre beredskap. Samtidig gir ny struktur kortare reiseveg for mange andre elevar og reduserer samla skyssbehov.
Vidare arbeid
- Norconsult sin rapport er ein av fleire kunnskapsgrunnlag som administrasjonen no nyttar når ein skal skrive endeleg sak.
- Saksframlegget kjem på høyring frå 1. juli til 12. september. Les meir om høyringsrunden her.
- Saka skal handsamast i kommunestyret 30. oktober.
Ønskjer du meir informasjon?
Les om arbeidet med barnehage- og skulebruksplan på temasida vår.