Stipend til sosiale føremål
Frå legat for sosiale føremål kan du få økonomisk støtte i samband med opphald på rehabiliteringsinstitusjon etter sjukdom, eller støtte til naudsynte hjelpemiddel som det offentlege ikkje dekker.
Utdrag frå vedtektene:
§3 Ni tidelar kan delast ut som legatporsjonar til institusjonar, lag og organisasjoner og enkeltpersonar.
Ved utdeling kan ein ta sosiale omsyn.
Me gjer merksam på at enkeltpersonar kan søkja.
Stipend frå utdanningslegat
Me deler ut stipend til ungdom som tar utdanning ved høgskule og oppfølgjer vilkåra:
- Søkjaren må ikkje ha fylt 30 år innan utgangen av 2025
- Søkjaren må vera heimehøyrande i Suldal kommune på søknadstidspunktet
- Søkjaren må ha utdanning ved godkjent utdanningsinstitusjon
- Kvar person kan berre få stipend ein gong
- Studiet må vera på over fem månadar for å utløysa stipend
Søknadsskjema for stipend og legatmidlar
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 17. februar
Me deler ut midlane i februar 2026.