No kan du nominera kandidatar til Folkehelseprisen 2026 i Rogaland
Nasjonalforeningen for folkehelsen lyser no ut Folkehelseprisen 2026 i Rogaland – for sjuande gong. Prisen skal løfta fram enkeltpersonar, lag, organisasjonar eller prosjekt som gjer ein særleg innsats for trivsel, inkludering og gode nærmiljø.
Kven kan få prisen?
Folkehelseprisen blir gitt til nokon som på ein tydeleg måte bidreg til betre folkehelse i lokalsamfunnet. Aktuelle kandidatar kan vere nokon som:
- skapar sosial støtte, aktivitet og møteplassar som gir trivsel og livskvalitet
- styrkjer nærmiljø og fellesskap
- arbeider for inkludering og mot utanforskap
- legg til rette for generasjonsmøter og aktivitetar på tvers av alder
- har hatt stor betydning for folkehelsa og dei sosiale forholda i sitt nærmiljø
Prisen kan ikkje tildelast eigne eller noverande tillitsvalde i Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Slik nominerer du
Forslag til kandidatar skal sendast med ei kort grunngjeving til:
Nasjonalforeningen, Fylkeskontoret for Rogaland
Torgveien 15 A, 4016 Stavanger
E‑post: rogaland@nasjonalforeningen.no
Frist for å nominera er 15. mars 2026.
Publisert 19.01.2026 11.23