Tysingvatnet
New Kaupang
Som ein del av førearbeidet har me gjennomført to viktige tiltak:
1. Kartlegging av kraftsituasjonen i Suldal
Me har fått utarbeidd ein rapport frå Æge Energy, som gir ei grundig oversikt over krafttilgangen og kva moglegheiter dette gir for næringsutvikling. Rapporten viser at Suldal har gode føresetnader for å tiltrekke seg kraftkrevjande industri og andre energirelaterte verksemder. Det er likevel avgrensa kapasitet i det regionale nettet rundt Tysingvatnet, og industrikundar må søkje nettilknyting for å få prioritert oppgraderingar.
2. Prospekt for tomta ved Tysingvatnet
I samarbeid med advokatfirmaet Tingmann har me utarbeidd eit prospekt for området. Dette gir ei detaljert skildring av tomta si plassering, reguleringsstatus, infrastruktur og moglegheiter for etablering av verksemder. Næringstomta er matrikulert som gnr. 155, bnr. 8 i Suldal kommune og er på 55.944,1 m². Ho ligg med tilkomst frå Fv46 Indre Ryfylkevegen, med kort avstand til Sand og relativ nærleik til Stavanger.
Tomta er regulert for næringsverksemd og gir fleksible rammer for utvikling. Det er sett ei utnyttingsgrad på 70 % BYA og ein maksimal byggehøgd på 12 meter, med moglegheit for dispensasjon etter søknad. Det er også lagt til rette for etablering av ein ny trafostasjon dersom det blir nødvendig for framtidige etableringar.
Neste steg i prosessen er å vidareutvikle planane i dialog med potensielle aktørar og interessentar. Vi ønskjer å leggje til rette for berekraftig næringsutvikling som kan styrkje lokalsamfunnet og gi positive ringverknader for kommunen.
Ta kontakt
Me oppmodar interesserte aktørar til å ta kontakt for meir informasjon om prosjektet og moglegheitene ved Tysingvatnet.
For meir informasjon, kontakt: Advokat Morten Cruys Magnus Sagen, Advokatfirma Tingmann AS. E-post: morten.sagen@tingmann.no
Eller ta kontakt med Suldal Kommune ved Moglegheitsutviklar, Anne Marie Lofthus. E-post: anne.marie.lofthus@suldal.kommune.no