KRAFTLAGET: NY EPISODE – HURTIGLADING med HELGA NESSA

Når kjenner du deg kraftfull på jobb? Og når kjenner du deg heilt makteslaus? I denne episoden av Hurtiglading har me fått med oss helsesjukepleiar Helga Nessa til ein ærleg, klok og varm samtale om kvardagen som tilsett i kommunen. Me snakkar om det å stå i krevjande rollar, ta imot andre sitt alvor – og samtidig finna sin eigen kraft midt i det.

Me stiller dei kjappe spørsmåla som får fram dei ekte historiane.

Høyr kva Helga hadde svart på:

  • Kven ville ho bytt jobb med i kommunen?
  • Når føler ho seg som mest kraftfull?
  • Og kva skjer når du sit att med kjensla av å ikkje strekke til?

 

Kraftlaget er ein podcast av og for alle som jobbar i Suldal kommune, men den er open for alle som vil lytta. Høyr episoden der du lyttar til podcast.