Konferansen "Saman er me mindre åleine". Meld deg på innan 17.9

Har du nokon gong kjent på einsemd som pårørande?
Kanskje har du stått i krevjande situasjonar utan å vite kven du kan snakke med.
Kanskje har du kjent deg åleine – sjølv om du står midt i eit nettverk av helsepersonell og familie.
Eller kanskje du jobbar som fagperson og kjenner på ansvaret, utan alltid å ha støtte rundt deg.

Konferansen "Saman er me mindre åleine" er for deg som er pårørande, og for deg som jobbar med menneske i krevjande livssituasjonar. Her får du fagleg påfyll, møte med andre i liknande roller, og ei oppleving av fellesskap.

Kor?

Kulturhuset i Suldal
Torsdag 25. september kl. 09.30–14.30

Kvifor bør du delta?

Einsemd er ei stor utfordring for mange pårørande, og fagpersonar står ofte åleine i krevjande situasjonar. Denne konferansen er ein møteplass der me saman utforskar korleis me kan styrke samhandlinga mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta. "Saman kan me gjere belastninga mindre – og kjenne oss mindre åleine."

  • Konferansen er for alle
  • Konferansen blir vist digitalt på stort lerret i storsalen
  • Fagleg påfyll, erfaringsdeling og inspirasjon
  • Møte med andre som står i liknande roller
  • Gratis deltaking!
  • Høve til å kjøpa lunsj ved påmelding

 

Program: 

Les programmet på denne sida

 

Påmelding: 

Meld deg på ved å følgje denne lenka

Eller ring 52792200 i kommunehuset sin telefontid mellom 10-22.15 og 11.45-12.30

Påmeldingsfrist 17.09

 

Konferansen blir arrangert i samarbeid med

  • Folkeakademiet
  • Sauda/Suldal revmatikarlag
  • Mental helse
  • Frivillige hender
  • Suldal frivilligsentral