Iversflot-tunnelen RV 13 - Varsel om stengd tunnel torsdag 03.april
Grunna fullskalaøving saman med naudetatane varslar Statens vegvesen at Iversflot-tunnelen på RV 13 vil vera heilt stengd i tidsrommet kl.18.00-21.00
Fullskalaøving med naudetatane
Fullskalaøving er eit krav i tunneltryggleiksforskrifta. Øvinga er ein viktig del av arbeidet med å sikra eit effektiv, trygt og framkommeleg vegnett. Øvinga skal førebu vegvesenet og naudetatane på hendingar i tunnel. Ein del av øvinga vil vera å simulera brann i tunnel ved bruk av røykmaskin. Såleis vil det vera røyk å sjå i området kring tunnelen.
Den 1000 meter lange Iversflot-tunnelen ligg i 80-sone og opna i 2004. I snitt køyrer det 500 køyretøy gjennom tunnelen i døgnet. 20% av desse er tungtransport.
Publisert 02.04.2025 11.00