Invitasjon til kurs i gode levevanar ved diabetes type 2!

Eit kurs for deg som har diabetes type 2 eller står i fare for å utvikle diabetes. Me ynskjer å gi deg meir kunnskap om sjukdommen, verktøy og motivasjon til å førebygge eller meistre eit liv med diabetes, samt møte andre i same situasjon. Kurset vil vera informasjon om diabetes, årskontroll, kosthald, fysisk aktivitet.  

Informasjon om kurset

  • Kvar: 

    Møterom på Suldal Legekontor

    Kurshaldarar: 

    Fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, diabetessjukepleiar

    Pris: 

    Kurset er gratis. Det er stor interesse og me ber deg halde oss orientert om du ikkje kan/ynskjer å delta når du har fått plass.  

  • Når: 

    Kurset består av tre kveldar à to timar på følgande datoar:  

    • Måndag 2. mars 2026 kl 17.00-19.00  
    • Måndag 23. mars 2026 kl 17.00-19.00  
    • Tysdag 28. april 2026 kl 17.00-19.00  

    Påmelding: 

    Me har plass til 12 stk, første person til mølla-prinsipp. Send sms med namn og telefonnummer eller ring til 45 60 50 26.  

    Frist: tysdag 17. februar