Frå og med i dag gjeld det generelle bålforbodet i og nær skog og utmark.

Brannvesenet ønskjer at folk skal ha eit sunt og naturleg forhold til bruk av eld, men det er viktig å forstå kvifor forbodet gjeld no. Naturen treng ro – me går inn i ei sårbar tid der både fugl og dyr er i yngleperiode. Ein kvisthaug i hagen kan skjule både reir og smådyr, og å tenne på no kan gjere stor skade på naturmangfaldet.

Faren for skogbrann aukar

Brann - Klikk for stort bileteBålforbod Haugaland brann og redning

Samtidig aukar faren for skogbrann i denne perioden. Det er ikkje lenger berre gras og småvegetasjon som kan ta fyr – brannane kan spreie seg til tre og skape farlege og særs krevjande brannar.
Me ønskjer likevel ikkje å ta frå folk gleda ved friluftsliv. Det er framleis tillate å fyre opp bål på godkjende bålplassar, eller dersom det heilt openbart ikkje er brannfare – til dømes når bakken er snødekt eller etter langvarig regn.


Hugs: din brann – ditt ansvar. Du har ansvar for at bålet er trygt.
Og skulle noko gå gale: Varsle brannvesenet så tidleg som mogleg – ring 110!
Helsing brannsjefen, Haugaland brann og redning.