Er du krigsveteran og bur i Suldal?
Då er du varmt velkommen til uformelle samlingar på Suldal Bad kvar måndag kl. 12–14, med oppstart måndag 15. september!
Veteran logo
Veteran
Velkommen måndagar frå kl. 12-14
Her kan du slappe av, treffe andre veteranar, ta ein dukkert i bassenget eller nyte varmen i badstua. Dette er ein sosial møteplass utan program – berre eit godt rom for fellesskap og kvile.
- Veteranar i Suldal kommune har gratis inngang til Suldal Bad.
- Tid: Kvar måndag kl. 12–14
- Stad: Suldal Bad
Hjarteleg velkommen!
Publisert 01.09.2025 11.13