Er du vaksen og har lyst på fagbrev som helsefagarbeidar? No har du sjansen!

Me i Suldal kommune satsar på å få fleire helsefagarbeidarar – og no kan du som vaksen ta fagbrevet gjennom modulstrukturert fag- og opplæring (MFY).
Du treng ikkje ha fullført vidaregåande opplæring frå før.
MFY er spesielt tilpassa vaksne sitt liv, erfaring og behov.

Kva er MFY?

  • Ei fleksibel opplæringsordning som byggjer på den kompetansen du har frå før.
  • Du jobbar i praksis hos oss i Suldal kommune og har teori på Sauda vidaregåande skule.
  • Hovudopplæringa er meir i bedrift og mindre i skule (til dømes to dagar på skule og resten i turnus)
  • Opplæringa er delt inn i fem modular, og du får kompetansebevis etter kvar modul.
  • Lengda på læretida di blir bestemt etter ei realkompetansevurdering.
  • Sluttkompetansen er eit fagbrev!
     

Informasjonsmøte – obligatorisk for å søkje

  • Onsdag 11. februar
  • Kl. 12.00–14.00
  • Sauda vidaregåande skule, avd. Lofthus, filmsalen (Griegs gate 40)
     

Meld deg på informasjonsmøtet her


OBS! Du må ha deltatt på informasjonsmøtet for å kunne søkje plass hausten 2026.

Kontakt

Elise B. Nedrejord
E-post
Telefon 95 98 58 34
Mobil 95 98 58 34